Vikr

Jelpr sparer mykje tid for dykk

Alle barnehagane som bruker Jelpr i dag, fortel om det same: Dei sparer mykje tid i løpet av ei veke. Jelpr tar seg av å varsle tilkallingshjelp når behovet oppstår, Jelpr tar seg av rekruttering av nye tilkallingsressursar, og med Jelpr kan dei som ønskjer det, dele på tilkallingshjelp i et geografisk område.

Kva seier brukarane våre?

«Vi er veldig nøgde med Jelpr. Vi har spart oss mange kveldstimar med å finne tilkallingshjelp til barnehagane våre. Det er berre å leggje ut jobben, og Jelpr ordnar resten. Jelpr er forståeleg og lett å bruke, og vi vil tilrå alle som i dag bruker mykje tid på bemanning, å skaffe seg Jelpr.»

Tårnsvalen Barnehager AS

Rekruttering av nye tilkallingsressursar

Frå nord til sør i landet seier barnehagane det same: Det er vanskeleg å finne nok tilkallingsressursar. Her kan Jelpr gjere ein verkeleg skilnad!

Jelpr har smarte rekrutteringsfunksjonar innebygd i plattforma. Du kan enkelt leggje ut kampanjar på heimesidene dykkar og sosiale medium, og de kan hengje opp plakatar med QR-kodar på korktavla på nærbutikken. Ikkje minst kan dei tilkallingshjelpene du allereie har, verve nye gjennom Jelpr-appen sin. Felles for alle desse tiltaka er at den som søkjer eller blir verva, kjem til det same enkle søknadsskjemaet, som dei fyller ut på eitt minutt. Søknaden hamnar i Jelpr-løysinga til barnehagen din. Vi kan garantere at du finn nye tilkallingsressursar!

Kom i gang på 1 - 2 - 3

Det er uhyre enkelt å komme i gang med å bruke Jelpr. Vi gjev deg som skal administrere Jelpr-løysinga til barnehagen, eit kort kurs på Teams. Kurset varer i ca. ein time. Tilkallingshjelpene dine skjøner intuitivt korleis Jelpr fungerer, og treng ikkje opplæring. Barnehagen din kan hauste gevinstane av å bruke Jelpr allereie i morgon.

Er det fleire barnehagar som skal inn i same Jelpr-løysing, set vi det opp for dykk på førehand.

Jelpr kostar frå kun kr 490 per barnehage per månad, og vi har ingen bindingstid. Det er heilt risikofritt å teste oss ut. Vi kan love deg at vi gjer akkurat det som står utanpå boksen - Jelpr skaffar rett kompetanse på rett stad til rett tid.

Gevinstar ved å bruke Jelpr

Hvilke gevinster kan dere høste ved å bruke Jelpr? Ønsker dere å bygge opp deres egen ressurspool med tilkallingshjelp og forenkle adminstrasjon og varsling ved å bruke Jelpr vil noen av gevinstene være:

  • minimere bruken av vikarbyrå
  • optimalisere utnyttinga av ledig kapasitet hos tilkallingshjelpene
  • minske behovet for å rekruttere nye tilkallingsressursar
  • bruke mindre tid på varsling og oppfølging
  • få meir nøgde tilkallingshjelper
  • rekruttere nye tilkallingsressursar kostnadseffektivt
  • kunne dele tilsette og tilkallingsressursar mellom ulike einingar